1 Gjermundnes Futegard og herresete Manor, school and museum Landbruksskulen Herrenhaus, Schule und Museum På 1600- og 1700-talet var Gjermundnes futegard – først for det såkalla Giskegodset og seinare for heile Romsdal. Futen var Kongen sin embetsmann i futedømet. Han hadde som oppgåve å krevje inn skattar og bøter, og å sørgje for ro og orden. Dette var ein periode med stor velstand på Gjermundnes. Ein av futane, Iver Andersen, fekk jamvel tilnamnet Sølvfuten. På starten av 1700-talet blei gardstunet bygd om til eit herresete etter dansk mønster, med standsmessige bustadhus og eit lukka firkanttun med store portar. Over hovudporten mot aust skal det også ha vore ei stor utskjering i eik av kong Gjermund til hest. Fleire av futane var føregangspersonar innan jordbruk og hagebruk, og det skal både ha vore frukthage, blomsterhage og kjøkkenhage her på 1700-talet. Eikealléen er frå 1758. På 1800-talet kom garden gradvis over i bondeeige, og med utskiftinga i 1835 blei tunet splitta opp. I 1898 kjøpte Romsdal Amt (tilsvarande Møre og Romsdal fylke) ein stor del av garden for å starte landbruksskule, og ein gjekk straks i gang med å bygge det store hovedbygget som du ser i dag. Bygget vart satt opp av firmaet Bygnings- og Snedkerifabrik M.Thams &Co ifrå Trondheim. Over 40 mann jobba på prosjektet samtidig. Allereie i 1899 opna landbrukskulen for dei første elevane. I 1908 stod det klar ein ny driftsbygning på garden. Den skulle vise elevane korleis ei moderne løe hjalp til i drifta på gardane. Skulen har seinare utvikla seg i takt med nye tider, men dei eldste bygningane framstår i stor grad som då dei vart bygd. Landbruksmuseet Landbruksmuseet på Gjermundnes blei etablert i 1979 og opna i 1981. Hovudoppgåva til museet er å formidle og dokumentere landbrukshistoria i fylket, med særleg vekt på tida frå 1840 og framover til 1940. Utstillingane på landbruksmuseet dekker dei store samfunnsendringane frå eit førmoderne samfunn til eit mekanisk samfunn som vert kalla det store hamskiftet. Frå 2007 er museet lagt inn under Stiftinga Sunnmøre museum. The sheriff’s for the Romsdal region resided in the farm at Gjermundnes, throughout the 17th and 18th centuries. At the beginning of the 18th century, the farm was turned into a large manor with a closed courtyard, the additions signifying a prosperous period. The sheriff played a central role in modernizing the agricultural practices across the region during these times. However, by the 19th century, the manor/farm was in decline and as a result was divided up and sold off to various local farmers. L ater, a school of agriculture was established in 1898 at Gjermundnes, and more recently in 1981 the present County Museum of Agricultural History was opened here. Im 17. und 18. Jahrhundert residierte der Landvogt für die Region Romsdal auf dem Hof in Gjermundnes. Anfang des 18. Jahrhunderts wurde der Hof zu einem großen Herrenhaus mit einem geschlossenen Innenhof erweitert – Zeichen für eine Zeit des Wohlstands. Der Landvogt spielte zu dieser Zeit bei der Modernisierung der landwirtschaftlichen Methoden in der gesamten Region eine große Rolle. Ab dem 19. Jahrhundert begann jedoch der Verfall des Herrenhauses/Hofes, und so wurde beides aufgeteilt und an verschiedene Bauern aus der Region verkauft. Im Jahr 1898 wurde dann hier in Gjermundnes eine Landwirtschaftsschule gegründet, und im Jahr 1981 wurde dann das jetzige Provinz museum für Landwirtschaftsgeschichte hier eröffnet. Opplysningsskilt 7 5 Veg/tursti Natursti Serviceskilt 4 2 3 6 1 Eksempel frå herresetet på Fossesholm Gjermundnes 1536–2015 e.kr Futen Børge Eeg (f. 1681) frå Danmark og kona Anna K atarina (f. Schultz, 1687) bygde opp det herskaplege tunet på Gjermundnes Eldre steinalder Yngre steinalder Eldre bronsealder Yngre bronsealder Eldre jernalder Yngre jernalder Middelalderen Nyere tid 9000–4000 f.Kr 4000–1800 f.Kr 1800–1100 f.Kr 1100–500 f.Kr 500 f.Kr–570 e.Kr 570–1030 e.Kr 1030–1536 e.Kr 1536–2015 e.Kr Gjermundnes kultursti 7 5 2 Gravminna på Gjermundnes Gravminna på Gjermundnes Over heile Gjermundnes er det funne forhistoriske graver. Mange er gått tapt, særleg i dei områda som er dyrka opp. Her på Bakneset er det likevel bevart fem gravrøyser. Tre av dei ligg lett tilgjengeleg langs turstien. Dei eldste gravrøysene er frå bronsealderen, kanskje heilt frå slutten av steinalderen. Tidleg på 1900-talet blei det funne ei steinøks med skafthol inne i ei gravkiste som var mura opp av steinheller. Det er særleg dei større gravrøysene vi reknar med kan vere frå bronsealderen. Det fleste gravfunna er likevel frå jarnalderen (ca 200-1000 e.Kr.). Materialet omfattar mellom anna ei bøyelspenne og ein eldslagingsstein frå eldre jarnalder, og våpen og mosaikkperler frå yngre jarnalder. 4 Opplysningsskilt Veg/tursti Natursti 7 5 2 4 Serviceskilt 2 Eldslagingsstein av kvartsitt med en slipefure på kvar side. Slipefura er ripeflata etter jern sylen som ble benyttet til å slå gnist. Dette er eit relativt vanlig funn i graver frå folke vandringstid (400-550 e.Kr.) 3 6 3 6 Mosaikperle frå vikingtid (800–1000 e.Kr.), laga av mørkt glas, ornert med kvite, kryssende striper og tre påsmelta knoppar. 1 Gravrøysene er automatisk freda etter Kulturminnelova av 1978, §§ 4j og 6. Det er forbode å skade, øydeleggje eller på annan måte skjemme kulturminna. Brot på lova vil medføre straffeansvar. 1 Fleire av gravminna er monumentale, og vitnar om eit øvre samfunnssjikt. Saman med den strategiske plasseringa ved Romsdalsfjorden er gravminna med å underbyggje garden sin sentrale posisjon i forhistorisk tid. Prehistoric graves There are numerous graves and grave artefacts which have been found at Gjermundnes, most of which are generally dated to the latter part of the Iron Age (c. AD 200-1000). The earliest finds date from the Late Neolithic/Early Bronze Age (BC 20001500) and the latest date from the Viking Age (AD 800-1000). Some of the graves are monumental in size, possibly indicating burials of persons of high social status. Prähistorische Gräber In Gjermundnes wurden zahlreiche Gräber und Grabartefakte gefunden, von denen die meisten aus der späten Eisenzeit (200-1000 v. Chr.) stammen. Die frühesten Funde stammen aus dem späten Neolithikum/der frühen Bronzezeit (2000-1500 v. Chr.), die neuesten Gräber gehen auf die Wikingerzeit (800-1000 n. Chr.) zurück. Einige Gräber sind von monumentaler Größe, was vermutlich ein Hinweis darauf ist, dass hier Personen mit einem hohen sozialen Status begraben wurden. Gravminna på Gjermundnes 1800 f.kr–1030 e.kr Eldre steinalder Yngre steinalder Eldre bronsealder Yngre bronsealder Eldre jernalder Yngre jernalder Middelalderen Nyere tid 9000–4000 f.Kr 4000–1800 f.Kr 1800–1100 f.Kr 1100–500 f.Kr 500 f.Kr–570 e.Kr 570–1030 e.Kr 1030–1536 e.Kr 1536–2015 e.Kr Gjermundnes kultursti
© Copyright 2025 ExpyDoc